Portrett av eit magisk liv : poeten Claes Gill
Bok
Ledig

Portrett av eit magisk liv poeten Claes Gill

Portrett av eit magisk liv : poeten Claes Gill
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1994

Beskrivelse

Claes Gill (1910-73) var Iyrikaren som dukka opp frå ingenstad og gav ut to små diktsamlingar (Fragment av et magisk liv, 1939) og Ord i jærn, 1942), som straks sikra han ein framskoten plass i det litterære livet. Etter dette stilna han heilt som forfattar og blei teatermann. Han kom etter kvart til å bli sjølve "kunstnarmyten" i eigen person.

Det er den tidlege Claes Gill - poeten - og vegen hans inn i denne rolla, Kjartan Fløgstad er mest opptatt av. For første gong får vi kartlagt Gills brokete bakgrunn og oppvekst, og vidare følgjer vi han gjennom ei omflakkande ungdomstid - som kvalfangar i Sørishavet, spelar og boms i Montevideo, hotellarbeidar i New York uteliggar og spirande Iyrikar i Oslo på trettitalet - eit liv som skulle gi opphav til tallause mytar. Nokre av dei får vi punktert, men andre blir reelle slik at livet til Gill med full rett han kallast "magisk". Og på ein overtydande måte syner Fløgstad at dette magiske livet ikkje berre var eit personleg prosjekt for GiII, men og ein naudsynt del av det litterære prosjektet hans.

Med sin kunnskap om den Iyriske modernismen gir Kjartan Fløgstad oss her eit viktig fundament til å forstå ein litteratur som så ofte har vore altfor overflatisk behandla.

Flere opplysninger

Antall sider
305 s.
ISBN
82-03-26001-2 (h.) : Nkr 198.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig