Jon Fosse : poet på Guds jord
Bok
Ledig

Jon Fosse poet på Guds jord

Jon Fosse : poet på Guds jord
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2009

Beskrivelse

"DIKTINGA BØR VERA LIKE ENKEL og ubegripeleg som livet," seier Jon Fosse, forfattaren som vert hylle som vår tids Ibsen. Suksessen hans er eineståande, tekstane er omsette til over 40 språk, og skodespela er til no sette opp meir enn 700 gonger over heile verda.

I dette portrettet kjem lesaren nærare innpå forfattaren. Me følgjer Fosse frå oppvekst med gitar og danseband i Strandebarm til cocktailparty i Paris, frå 12-åringens hemmelege skriverom til dei store teaterscenene i Europa. Det er historia om vegen frå teaterhat til internasjonalt gjennombrot, frå forlagsrefusjonar til kritikarhyllest, frå å vera ein opprørsk hippie til å bli hylla av kongehuset.

Journalist Cecilie N. Seiness har hatt ei rekkje samtalar med Jon Fosse om liv, kunst og dikting. På ein lettfatteleg måte presenterer ho dei ulike diktverka til forfattaren og fortel den uvanlege historia om Fosses talent og urokkelege tru på eiga skriving, om viktige folk på vegen og om eit spel av samantreff.

Gjennom boka vert me kjende med ein spelemann i livet, ein mann med stor kjærleik til kvinner, barn, hundar, båtar, mac-ar og ikkje minst komler. Og ein mann som meiner han først og fremst er ein poet på Guds jord.

Flere opplysninger

Antall sider
343 s.
ISBN
978-82-521-7252-2 (ib.) : Nkr 399.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig
Tofte Voksenavdelingen Ledig