Ingen må vite : roman
Bok
Ledig

Ingen må vite roman

Ingen må vite : roman
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2008

Anbefaling

Året er 1734. Ingeborg er 14 år. Ein dag dett ho på isen og slik møter ho Mikkel. Han hjelper henne opp, og Ingeborg byrjar å drøyme om han både natt og dag. Men Ingeborg ber på ein stor og farleg løyndom. Noko ingen må få veta. Noko som kan få alvorlege konsekvensar for alle involverte. Fleire netter kjenner ho store, grove hender under nattserken. Hender som krafsar og vil henne vondt, og som bare kjem når mora ikkje er heime. Dette er debutboka til Aina Basso. Vi kan sjå fram til neste bok. Dette lovar bra. Boka passar for ungdom frå 13 år.

Dette er ei spennande bok om kjærleik og blodskam. Om lengsler og håp, råskap og svik. Den er fin og vond på same tid. Dette er ei annleis bok, fordi den skildrar ei anna tid enn vår, men og fordi den har eit poetisk språk. Setningane er korte utan overflødige opplysningar. Det er lite skrift på kvar side, men dette er med på å understreke innhaldet i det som står, på ein spesiell måte. Eg klarte rett og slett ikkje å legge boka frå meg. ”Det står så lite på kvar side, så eg skulle bare lese ei side til…”
Anbefalt av:
Anne Kristi Jønland
Dato:

Flere opplysninger

Sjanger
Historisk, Romaner
Passer for
Fra 14 til 16 år
Antall sider
158 s.
ISBN
978-82-521-7235-5 (ib.) : Nkr 229.00
Form
Roman

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Slemmestad Barneavdelingen Nynorsk-te Ledig