So long, Marianne : ei kjærleikshistorie
Bok
Ledig

So long, Marianne ei kjærleikshistorie

So long, Marianne : ei kjærleikshistorie
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2008

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

22 år gammal reiste Marianne Ihlen til den greske øya Hydra saman med forfattaren Axel Jensen. Axel skreiv, og Marianne var husmor - heilt til Axel ein dag forlet henne og den nyfødde sonen deira for ei anna kvinne.
Ein av desse grå dagane er Marianne i den vesle kolonialen på øya og handlar. Då kjem ein mann bort til henne og spør om ho kan tenkja seg å sitja saman med han og nokre venner på terrassen utanfor. Han presenterer seg som Leonard Cohen.
Dette blir starten på ei kjærleikshistorie som varer det meste av 1960-talet, og som tek dei til Oslo, Montreal og New York og attende til Hydra. Undervegs skriv Cohen ein av dei vakraste kjærleikssongar nokosinne til henne.
Boka gir eit medrivande tidsbilete frå eit annleis norsk liv på 1960-talet og eit portrett av den internasjonale kunstnarkolonien på Hydra.

Rikt illustrert med private foto, brev og tidlegare upubliserte dikt av Leonard Cohen.

Flere opplysninger

Antall sider
224 s.
ISBN
978-82-02-29419-9, 978-82-430-0448-1 (ib.) : Nkr 339.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen biografier Ledig