Bok
Utlånt
Venneringen roman
Anbefaling
”Livet er ikkje alltid til å stole på. Hadde Bente Vessel fått eit varsel om alt som skulle skje den siste ferieveka før tiande klasse, så hadde ho kanskje snudd og reist heim.” Passar for ungdom frå 13 år.
”Livet er ikkje alltid til å stole på. Hadde Bente Vessel fått eit varsel om alt som skulle skje den siste ferieveka før tiande klasse, så hadde ho kanskje snudd og reist heim.”
Slik byrjar boka Venneringen av Magnhild Bruheim. Hovudpersonen Bente gler seg til ei ferieveke på hytta. Ho har tatt med seg tre venninner og dei skal nyte dagane med bading og kos. Men denne veka vert ikkje slik Bente håper på. For det fyrste føler ho seg svikta av bestevenninna Kami. Kami ser ut til å ha noko hemmeleg på gang med Ingrid. Og gjennom dette er Ingrid den som øydelegg alt, sett med Bentes auge. I hytteområdet der dei bur skjer det både innbrot og valdtekt og jentene vert drege med inn i etterforskinga. Ting vert ikkje betre når Bente får biletmeldingar på mobilen sin. Dei er sendt frå eit ukjent nummer, men det er bilete av henne i hytta. Og om natta vaknar dei av at nokon kjem inn vindauget i eit av dei andre romma……
Sentralt i boka står også Hallstein. Han bur i nærleiken av hytteområdet, og har kjent Bente heilt sidan dei var små. Han seier at han har vore forelska i henne. Men er han det nå eller lar han seg lokke av Ingrid? Og kva med den kjekke kameraten hans, Marius. Er han interessert?
Dette er ei krimbok for ungdom, som samtidig tar opp tema som forelsking og rivalisering mellom jenter i ein venninnegjeng. Verkeleg ei bok som mange kan kjenne seg igjen i og leva seg inn i. I 2003 gav Magnhild Bruheim ut Ny melding, som er ei spenningsbok for ungdom. Venneringen er ein frittståande fortsettelse av denne. I tillegg har forfattaren skreve fleire krimbøker for vaksne. Boka har eit godt og lettfatteleg språk, noko som gjer at den er lett og lesa, også for dei som slit med nynorsken.

- Anbefalt av:
- Anne Kristi Jønland
- Dato:
Flere opplysninger
- Sjanger
- Romaner, Spenning
- Passer for
- Fra 14 til 16 år
- Antall sider
- 161 s.
- ISBN
- 978-82-521-7009-2 (ib.) : Nkr 199.00
- Form
- Roman
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Barneavdelingen | Utlånt til 12.11.2024 |