Sølvhesten : historia om Katriona Teresadotter
Bok

Sølvhesten historia om Katriona Teresadotter

Sølvhesten : historia om Katriona Teresadotter
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2005

Beskrivelse

Forlaget skriv om denne boka:

Dei som lengtar etter fleire bøker frå Lene Kaaberbøls hand, kan gle seg: Her kjem Sølvhesten, første boka i Katriona-serien! Sjangeren er fantasy, og allereie med denne serien hadde forfattaren stor suksess før ho gjekk i gang med å skrive om Skammarens dotter, som no tusenvis av norske barn kjenner og elskar.

Cornelius smelte den store neven sin i dørkarmen. "Eg skal lære deg...," sa han. "Eg skal lære deg å snakke skikkeleg til folk!" Sølvhesten skreik og dundra den eine framfoten i golvet så det fauk gneistar frå steiane. "Du skremmer hesten," sa Kat. "Kom her," sa Cornelius med den låge stemma som betydde at dette var siste åtvaring. Men Kat rista på hovudet og heldt hardt kring halmvisken ho dreiv og tørka hoppa med. "Nei," sa ho. "Du kan sjølv kome og henta meg!" For med eitt visste ho, med ei pirrande kjensle av å vere overlegen, at stefaren hennar var redd for den merkelege sølvhesten med dei gylne rovdyraugo ...

Den dagen sølvryttaren frå Breda rir inn på gardsplassen ved Teresas vertshus, blir tilværet til Kat snudd opp ned. Ho tek til å drøyme nye draumar, både gode og vonde. Nokon av dei går i oppfylling.

Første bok i Katriona-serien

Flere opplysninger

Sjanger
Fantasy, Romaner
Passer for
Fra 8 til 13 år
Antall sider
156 s.
ISBN
82-521-6587-7 (ib.) : Nkr 179.00
Form
Roman