Bok

Ny melding roman

Utgitt:
2003

Anbefaling

”Har det skjedd noko?” spurde Martine spent da dei hadde sett seg. Bente tok ein kunstpause før ho formanande sa: ”Dette må du lova ikkje å seia til ein levande sjel.” ”Æresord.” ”Eg har fått tekstmeldingar frå telefonen til Kami,” kviskrar ho. ”Kva?!” utbraut Martine, før ho såg stumt og forvirra på Bente med sminkelause auge. ”Ho har sendt meldingar om at alt er ok med henne. Med streng beskjed om å ikkje seia noko til andre.” ”Med andre ord…ho har altså rømt.” Martine såg lamslått ut. ”Og så vil ho ikkje at dei skal finne henne.” ”Hadde eg berre vore sikker på det. Men det verste er at eg ikkje veit om det er ho sjølv som har sendt meldingane. Eller om ho er fanga av folk som bruker telefonen hennar.”

Bente, snart 15, og Kari-Marie er bestevener. Den kvelden det heile startar, må Bente, som er hovudpersonen i boka, vera heime saman med foreldra. Ho får ikkje gå med venene på kino. Men tekstmeldingane fer att om fram mellom venninnene. Kari-Marie, Kami blant venner, sender Bente ei melding når ho sit på bussen heimover. Ho fortel om ein kjempesøt, litt eldre gut som kikkar på henne. Han går av på same haldeplass som henne. Brått vert sambandet brote, og når Bente ringjer mora til Kami seinare på kvelden, er ho endå ikkje komen heim.
Snart er både politiet og pressa kopla inn i saka for å finne Kami. Men er ho kidnappa, eller har ho rømt? Bente får fleire tekstmeldingar frå telefonen hennar. Ho ber Bente halde meldingane hemmeleg. Men er det verkeleg Kami som sender desse meldingane? Bente kan ikkje seie noko til dei vaksne. Det har ho lova Kami. Men snart får ho sjansen til å dra til Oslo sjølv for å finne venninna, som skal opphalde seg der. Og kva som der skjer, får du lesa sjølv…

Kvar går grensa mellom å vasle og å sladre? Kva betyr mest, ei god venninne eller ein ny kjærast? Kven kan ein stole på, og kven lyg? Dette er ei svært spennande bok, med mykje dramatikk og alvor. Den er truverdig og 14-15 åringar vil lett kjenne seg at. Boka er skreve på nynorsk. Den har eit godt og levande språk, noko som gjer at den er lett og lesa, sjølv for dei som synest nynorsk er vanskeleg å få tak på.
Anbefalt av:
Anne Kristi Jønland
Dato:

Flere opplysninger

Sjanger
Spenning, Roman
Antall sider
171 s.
ISBN
8252162991
Form
Roman