A.O. Vinje : ein tankens hærmann
Bok
Ledig

A.O. Vinje ein tankens hærmann

A.O. Vinje : ein tankens hærmann
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2001

Beskrivelse

Få, om nokon, nordmann er blitt så ulike vurdert i si samtid og ettertid som Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870). Vinje levde i brytningstida til ein ung og uferdig nasjon. Han kasta seg på skiftande sider ut i den politiske og kulturelle kampen og streid med og mot andre framståande menn i tida: Bjørnson, Ibsen, Welhaven, Aasen, Schweigaard, Jaabæk og Ueland. Han dikta og drøymde om land og folk, refsa og spotta høge og låge.

Gjennom sitt heilt einestaånde blad Dølen, skapte han ein personleg, kåserande og essayistisk journalistikk og viste seg glitrande poetiske perler, og ei reiseskildring tilsvarande Ferdaminni fraa sumaren 1860 er seinare ikkje skriven på norsk.

Motsetningane i han var mange, spenningane sterke, og livet svinga mellom brusande livskjensle og djupaste sorg. Han var kløyvd som sitt eige tvisyn, ein frifant og samfunnsrefsar som vart tiljubla og utskjelt. Olav Vesaas går i denne biografien tett på ein av dei mest fascinerande og nærgåande skribentar i norsk historie. Ein diktar som skreiv om seg sjølv at han kom til å gå ut av livet som si eiga gåte.

Flere opplysninger

Antall sider
522 s.
ISBN
82-02-16249-1 (ib.) : Nkr 349.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig