Sinne : roman
Bok
Ledig

Sinne roman

Sinne : roman
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2020

Anbefaling

"Ikkje tru at det er ADHD-en som definerer deg. Du er mykje meir enn det." Dette er orda Synne hører frå storebror Ulrik. Men det er ikkje lett når sinnet boblar i magen og vil ut, og ingen forstår korleis ein har det.

Synne har begynt på ungdomsskulen. På barneskulen vart ho kalla «Sinne», fordi ho var mykje sint og frustrert. Sinnet ho følte vart alltid sett på som ein del av diagnosen hennar.

Nå har ho starta på ungdomsskulen. Ny klasse, nye lærerar, men gamle rykte er vanskelege å bli kvitt. Synne har slutta på ADHD-medisin. Vil ikkje dempe følelsane sine. Dei er jo ein del av henne. Dette er utfordrande både for henne og lærerane. Og kva skjer når bestevenninna, Torunn, plutseleg slår seg saman med Kine, den nye, superpopulære influensaren. Og kva med Johan, den nye guten i klassa? Er han interessert? I tillegg skjer det noko som set både vennskap og andre forhold på prøve.

I denne boka er det mykje følelsar. Rasande sinne, frustrasjon, sjalusi og forelsking i god blanding. Boka skildrar livet til ei jente med ADHD og dei utfordringane ho møter i kvardagen. Alt dette er skildra direkte og realistisk.

Boka er lett å lese, og passar frå 12 år. 

Anbefalt av:
Anne Kristi Gisholt Jønland
Dato:

Flere opplysninger

Sjanger
Romaner
Passer for
Fra 12 til 16 år
Antall sider
202 sider
ISBN
978-82-340-0215-1 (innbundet) : Nkr 299.00
Form
Roman

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Barneavdelingen voksenungd Ledig
Heggedal Barneavdelingen voksenungd Ledig
Midtbygda Barneavdelingen Tenåring Ledig
saeb Sætre bibliotek, Barneavd voksenungd Ledig
Slemmestad Barneavdelingen Tenåring Ledig
Tofte Barneavdelingen voksenungd Ledig