Bok

Okkupert kjærleik roman

Utgitt:
2000

Anbefaling

Ingenting er slik femten år gamle Ida ønskjer det. Ho innstiller seg på ein einsam sommar oppe i tenketreet. Foreldra hennar er legar, og har dratt på oppdrag til Afrika. Ida skal bu saman med storebroren, Thomas og kjærasten hans, Maria. Ida er svært knytt til Thomas. Ho er sjalu på Maria, og mislikar sterkt å skulle bu i huset til Maria heile sommaren. Ho føler seg svikta av foreldra, som har reist bort og av Thomas, som nå har andre enn henne å tenke på. Boka passar frå ca. 13 år.

Så dukkar Linn opp. Jenta med Bowie-auge, eit grønt og eit brunt. Ida finn ut at Linn bur saman med nokre andre i eit okkupert hus, og ein kveld stikk ho av frå Thomas og Maria og ut i det ukjente. Ho oppsøkjer Linn og resten av kollektivet i Huset. Ida og Linn vert kjærestar, og Ida vert med okkupantane i kampen for å bevare Huset, som styresmaktene vil rive. Men forholdet til Linn er ikkje problemfritt. Linn er ei jente som har eit sterkt behov for å eige, dominere og bestemme. Ida er forvirra. Ho opplever ein sterk kjærleik til Linn,samstundes som ho vert åtvara av Elias. Ver forsiktig, ho bit, seier han.

Boka har eit godt og enkelt språk. Den er delt inn i korte kapittel, noko som gjer den lett å lesa.
Anbefalt av:
Anne Kristi Jønland
Dato:

Flere opplysninger

Antall sider
124 s.
ISBN
8252156215
Form
Roman