Tarjei i tale : taler, helsingar og prologar
Bok
Ledig

Tarjei i tale taler, helsingar og prologar

Tarjei i tale : taler, helsingar og prologar
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1997

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

TARJEI I TALE inneheld taler, prologar og ymse helsingar frå Tarjei Vesaas, med eit par-tre unntak framførte for første gong av diktaren sjølv. Det meste av stoffet i boka er ikkje trykt før, bortsett frå prologar som har stått i aviser. Den talande Tarjei vil vere ny for dei fleste av lesarane.

Tarjei Vesaas heldt seg ikkje for å vere nokon folketalar. Vår store diktar var først og fremst eit skrivande menneske, og gjekk varsamt fram når han stod framfor ei forsamling. Men dei munnleg orda var alltid gjennomarbeidde på skriftleg vis før han sa dei fram. Orda var nøye vegne før dei kom over tunga.

I 1997 er det hundre år sidan Tarjei Vesaas var fødd. Mange av tekstene i denne boka er skrivne til andres runde år. No kan denne samlinga vere med og kaste lys på 100-åringen sjølv.

Utvalet er ved Olav Vesaas, som også har skrive innleiingar til alle tekstene.

Flere opplysninger

Medvirkende
Vesaas, Olav (redaktør)
Antall sider
219 s.
ISBN
82-521-5035-7 (ib.) : Nkr 198.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig