Englefjes : roman
Bok

Englefjes roman

Englefjes : roman
Utgitt:
2008

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

- Du di journalistfitte, freser han i øyret mitt.
Så rykker han meg opp frå underlaget, slenger meg over skuldra og ber meg ned til brønnen, der han slenger meg frå seg som om eg var ei fille.

Engel har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes og har fått teften av ei god sak. Hyttefolk som bryt bygningslova like ved eit fuglereservat og hindrar fri ferdsel i strandsona. Engel skyr ingen metodar for å skaffa bevis, men det viser seg snart at skjergarden rundt Tysnes skjuler verre ting enn ulovlige hyttenaust. Ei dørvakt på hotellet kollapsar på jobb, og i krokane blir det kviskra at grunnen er overdriven bruk av sexdop. I si jakt på sanninga og ei god sak for avisa, kjem Engel stadig i trøbbel med politiet både for hærverk og båttjuveri. Når Engel får teften av mord, finn ho det best å ta saka i eigne hender. Engel blir nøydd til å lura mordaren i ei felle, og ho har inga anna lokkedue enn seg sjølv.

Du burde ikkje drikka deg full du som er så ung. Eg vil ikkje ha fulle småungar som ravar rundt ved hotellet. Tenk om du skulle koma til å snubla og falla i sjøen? Det er ikkje sikkert eg eller nokon andre er her for å plukka deg opp igjen, seier han.
Igjen har han flytta seg nærmare, denne gongen så nær at eg kjenner leppene hans røra seg mot øyra mitt mens han snakkar. Han legg eine handa si på skuldra mi og masserer den.
Truar du? spør eg.
Nei, det er du som har trua meg, seier han og slepp taket i meg.
Tomtegorgen tek opp eit blankt etui og fiskar ut ein sigarett. Så tek han eit steg tilbake, ler og dunkar sigaretten mot etuiet.

Flere opplysninger

Sjanger
Romaner, Spenning
Passer for
Fra 14 til 16 år
Antall sider
166 s.
ISBN
9788252171648
Form
Roman