Trans-Sovjet ekspress : gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar
Bok
Ledig

Trans-Sovjet ekspress gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar

Trans-Sovjet ekspress : gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2017

Beskrivelse

I OVER 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen.

I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopias og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særeigen arv framleis med oss, rett over grensa til Russland, som minne om draumen om eit anna samfunn.

Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til det store nabolandet vårt i aust.

Boka er rikt illustrert.

KJARTAN FLØGSTAD har skrive over tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han studerte opprinneleg arkitektur ved NTH, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap. Han har mellom anna fått Nordisk Råds litteraturpris, Aschehougprisen, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen.

Flere opplysninger

Sjanger
Reiseskildringer
Antall sider
383 s.
ISBN
978-82-419-1213-9 (ib.) : Nkr 399.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig