Hard er mitt lands lov : roman
Bok
Ledig

Hard er mitt lands lov roman

Hard er mitt lands lov : roman
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2011

Beskrivelse

Forlaget skriv om denne boka:

ÅRET ER1010.
Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel.

Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen i skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter sverdkamp står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemna hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fanga av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven.

Dermed har ei skjebnesvanger reise starta, og leia av Ulfr og hans nådelause gudar, seglar skipet til kjende og ukjende strender, det kryssar opne hav og til sist blir det rodd opp ei veldig flod og inn i ei ny verd. Der skal det visa seg at Ulfr si historie rommar langt meir enn det han har fortalt, og at mennene ikkje aner kva dei har gjeve seg ut på.

Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingsogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.

Flere opplysninger

Sjanger
Historisk, Romaner
Antall sider
536 s.
ISBN
978-82-521-7606-3 (ib.) : Nkr 379.00
Form
Roman

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen hist.roman Ledig
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig